
Veslestova
Veslestova er gjestehuset på tunet, der stova er innreda som studio/øvingslokale/skrivestove. Hytta egna seg godt for artistar, komponistar og gruppar som ønskjer å skrive, skape, øve eller gjere innspelingar. Her kan du la deg inspirere av fjell, natur og ein unik ro du sjeldent finner andre stadar.
Me kan tilby eit lokale med god backline, PA og innspelingsutstyr. Her er også ei rekke ulike instrument som kan lånast. Ynskjer du å gjere meir omfattande innspelingar, har me eit samarbeid med Komet Lydstudio i Stavanger som kan stille med teknikkar/produsent og meir utstyr.
I Veslestova har me 3 soverom og eit bad. Eit soverom med dobbelseng, eit rom med køyseng og eit rom med enkeltseng. På stova er det ein sovesofa. I gangen er det eit hybelkjøkken med ein liten komfyr, kjøleskap og mikro. Ute har med grill og pizzaomn til disposisjon om du vil unne deg noko skikkelig godt! Det er fleire stadar i Sand og Suldal som servera god og lokal mat frå øvste hylle. Spør oss om tips!
Me har ogs å godt samarbeid med Kulturhuset i Suldal, om ein treng eit større lokale for preproduksjon, konsertar, forestillingar ol. På Ryfylkemuseet på Sand finner du Folkemusikkarkivet for Rogaland. Dei legge til rette for at besøkjande kan få tilgong til arkivet for deg som er interessert i folkemusikk og folkedans frå regionen.
I løpet av residensopphaldet oppfordrar me artisten/gruppa til å gjere ei arbeidsvisning eller konsert for lokalbefolkninga her i Suldal. Me bidrar i organiseringa av dette!









