top of page

Kontakt oss

Timebasert leige: Ynskjer du å leige Veslestova som fast øvingslokale? Me tilbyr utleige for lokale og regionale musikerar og gruppar som treng øvingslokale.

Residens og lengre arbeidsopphald: Ynskjer du arbeidsopphald med overnatting? Me tilbyr utleige opp til 2 veker for tilreisande som treng ein inspirerande stad til å skape noko nytt eller arbeide med prosjektet sitt. Dykk ordne med mat sjølv, men er hjartleg velkomen til å bruke råvarar frå oss eller andre lokale aktørar. Spør oss gjerne om tips!

Ta kontakt for informasjon om prisar og kapasitet!

Velkomen til Kløvtun i Suldal! Me gler oss til å ta deg i mot!

KORLEIS KJEM DU DEG HIT?

​

Det går hurtigbåt frå Stavanger til Sand, med fleire avganger om dagen. Me hentar dykk på kaia. 

​

Du kan og ta Haukeliekspressen frå Oslo til Røldal, eller Kystekspressen frå Bergen til Aksdal. Me ordnar med henting då også. 

​

Kjøyrer du sjølv er det lett å finne fram. Sand sentrum med det ein treng av butikker og apotek er ein 10-minutters kjøyretur frå oss. 

Besøk oss

Sandsbygda 40, 4230 Sand, Noreg
klovtun@gmail.com
+47 94 35 68 80

bottom of page