
Kløvtun: om oss
Kløvtun er eit lite bruk på 2 mål med to hytter i villmarksstil i Sandsbygda, Suldal. Hyttene kalla me for Hovedhuset og Veslestova. Me har drivhus, utendørs pizza- og bakeromn, to geiter og dyrker eigne poteter og andre grønnsaker.
Me er ein familie på 3 som flytta hit frå Stavanger sumaren 2025, på søken etter eit roligare liv tett på naturen. Då me fekk høyre om denne plassen var me ikkje i tvil. Her skal me bu! Me pakka sakane og drog frå byen. No fylgjer vi draumen om å dyrke eigen mat, arbeid med musikk, kultur og kunst, og ikkje minst tid og ro til kvalitetsrike og minnverdige stunder ilag som familie. Me ynskjer at Kløvtun skal vere eit treffpunkt, ein samlingsplass for folk som treng eit avbrekk, inspirasjon og ro til å jobbe med sine kreative prosessar.

Vidar Seljen Høydal er musikar og komponist, og arbeider med alt i frå folkemusikk og visesong, til punk, teatermusikk og performance art. Han har også bachelor i teiknspråk og tolking, og teke tolkeoppdrag som frilans.

Eir Seljen Høydal er musikkterapeut, musikklærar og songar. Ho har master frå Griegakademiet i Bergen og lærarutdanning frå UiO. Eir jobbar mykje med born og unge i skule, og med implementering av musikkterapi i skulesystemet.

Tuva Seljen Høydal er 2 år, likar gravemaskinar, traktor, fotball og dyr. Ho er veldig glad i å danse og spele, og du finn ho fort bak trommesettet eller med eit anna instrument i fanget.






